Langt Heimafrå – Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga
Praktisk info
Storstua – 2. etasje i Lørenskog hus
Storstua ligger i andre etasje på Lørenskog hus. Den har 2 innganger i den etasjen og en rullestolheis. Andre etasje kan nåes ved å ta hovedtrappen opp fra første etasje eller ved å ta heisen opp fra Parkeringshuset. Inngangene til Galleriet på Storstua er fra fjerde etasje.
Handikap
Det er 4 rullestolplasser i Storstua med adgang via egen heis i 2. etasje, midt på buen ved toalettene.
Parkering
Billettløs parkering: Det er 3 timer gratis parkering i P-huset og på Metro storhandel uteparkering (ved Europris)
Det er 1 time gratis parkering på Metro uteparkering. Gjelder også HC-plasser
Langt Heimafrå – Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga
Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga har endeleg slege seg saman att for eit nytt projekt!
Fyrste singel «Ingenting å vera redd for» kom i vår. Den sparka i gang eit travelt år for den populære duoen. Den 30. januar kjem dei til Lørenskog hus og spelar opp med låtar fra sitt doggfriske album «Langt heimafrå», ei plate delvis spelt inn i Irland og med Atlanterhavet rett utanfor studiovindauget. Det er no ti år sidan sist duoen spelte inn plata «Heimafrå» til stor jubel, og på denne konserten kan det nok også bli sjansar for å høyre nokre fine låtar som har kvilt – lenge nok.
Sidan sist har Ingebjørg Bratland blitt ein av dei største artistane i Noreg, medan Nordstoga har fortsett med å levere ei rad med album som publikum og kritikarar har elska. Når Ingebjørg og Odd slår seg i lag, er det aldri langt til den rike folkemusikkarven dei begge har med seg fra barndommen. Men musikken deira når likevel langt utover fjellheimen i VInje. Uansett kor du kjem frå, kan me lova at du aldri kjenner deg «Langt heimafrå» med denne duoen på scena.
Vel møtt til ein akustisk, morosam og stemningsfull konsert med to artistar med særdeles god smak – dei er nemleg kvarandres største fan.